STATENSVEGVESEN-KONGEVEGEN-21853

Forside

Ny bruk av gamal veg
Kongevegen over Filefjell er eit samarbeidsprosjekt mellom ulike offentlege og private aktørar. Prosjektet ynskjer å formidle den nasjonalt viktige samferdslehistoria over Filefjell, og å leggje til rette for ein 10 mil lang, samanhengande kulturhistorisk turveg mellom Lærdalsøyri og Vang. Den historiske Kongevegen er ein gjennom- gåande raud tråd i prosjektet, men der denne er borte eller ikkje eignar seg til turbruk, kan ein nytte alternative trasear for å få ei samanhengande rute.

Men Kongevegen over Filefjell ynskjer også å tilby ei total ferieoppleving der vandraren skal nyta opplevingane undervegs med alle sansar. Her kan ein få ei sorglaus vandring på historiske veger gjennom storslagen natur, og i tillegg god mat og drikke på utvalde overnattingsstader. Den langsame reisa!

Brukarane sine bilder #kongevegenoverfilefjell

Ta kontakt med Kongevegen over Filefjell

Bedriftsnettverket Kongevegen over Filefjell:
For spørsmål vedrørande denne nettsida eller generelle spørsmål om Kongevegen over Filefjell som reisemål, ta kontakt med:
Magne Grihamar – [email protected]
For konkrete henvendelser og booking,  ta kontakt med aktuell kongevegbedrift – klikk her for oversikten

Samarbeidsgruppa for Kongevegen over Filefjell:
For spørsmål vedrørande vegen og arbeide med den framover:
Jan Adriansen – [email protected]

Offisiell nettside for Kongevegen over Filefjell